Expired: OPEN CALL: Invitasjon til prekvalifisering: Kunst til det nye fylkeshuset i Bergen

01.09.21 | Opslagstavle

Vestland fylkeskommune søkjer kunstnarar til open prekvalifisering for det nye fylkeshuset i Bergen.

Det nye fylkeshuset skal stå ferdig til årsskiftet 2022–2023 og vil bli eit symbol på openheit og transparens i Vestland fylkeskommune. Delar av administrasjonen for den nye fylkeskommunen kjem til å ha kontorstad her. Tanken bak bygget er transparens og openheit – også i form av deltaking og demokrati.

Det er planlagt fleire ulike delprosjekt med kunst.
Budsjettramma for kunstprosjekta samla er 6 500 000 kroner.

Vestland fylkeskommune oppmodar no profesjonelle kunstnarar og kunsthandverkarar til å melde interesse for prosjektet.
Dei kan då verte aktuelle til både konkurransar og direkte oppdrag.

Vi ønskjer i denne omgang

  • innsendt søknadsskjema
  • ein pdf på maksimalt 12 sider som viser til tidlegare relevante kunstnariske prosjekt
  • CV

Store glasflater og mykje innsyn

Huset skal romme arbeidsplassar for 1100 personar, fylkestingssal og store fellesareal, som konferanserom, møterom og uteareal. Bygget vil bestå av to tårn på respektive 13 og 11 etasjar og eit mellombygg, der mellom anna fylkestingssalen skal vere. Samla areal er 27 000 kvadratmeter.

Første etasje blir opna mot byen, med store glasflater og innsyn til mykje av aktiviteten på innsida. Fylkesadministrasjonen skal nytte det søndre tårnet, medan det nordre tårnet skal leigast ut.

Solcelletak og hagar

Fylkestingssalen symboliserer hjartet i fylkeskommunen, og er det offentlege ansiktet til institusjonen. Salen er løfta opp og har utsyn over byen, samtidig som dei omliggande byområda har direkte innsyn til salen.

Bygget er eit såkalla passivhus med energieffektive installasjonar. Dei to øvre taka skal ha solcelleanlegg, som vil produsere meir enn 100 000 kWh/år. Huset får også hagar i to av etasjane mellom tårna. Hagane er utforma som abstraherte kart av dei to fylkeskommunane som no er slått saman og skal innehalde planter frå heile den nye regionen.

Fristen for å melde seg på er 30. september.

Se mere på : https://www.vestlandfylke.no/kultur/kunst–og-kulturutvikling/invitasjon-til-prekvalifisering-kunst-til-det-nye-fylkeshuset-i-bergen/

Gå ikke glip af nyt fra Billedkunstnernes Forbund.

Hvis du tegner abonnement, kan du få seneste nyt i din indbakke kl. 15.00 samme dag, som det er publiceret på bkf.dk.

*Jeg giver samtykke til, at BKF indsamler og behandler mine personoplysninger med henblik på at udsende nyhedsbreve.